hvit-melamin-skyved_rer.jpg

Garderobe

Vi skreddarsyr ikkje finstasen din, men garderoba den skal hengast opp i kan vi ordne i alle prisklasser, utførelsar, fargar og størrelsar!

Skap di eiga løysing

Treng du meir plass? Eller treng du rett og slett å oppdatere garderoben di? Vi har løysingane som sørgjer for du kan lagre finstasen på dine premissar. Vil du ha meir lys? Ei praktisk løysing for oppbevaring av sko? Walk in closet?

Garderobar er oppbevaring. Det betyr dermed ikkje at du treng å stoppe med klede. Ønskjer du å bygge ei kreativ TV-løysing? Kanskje eit baderom som krev det vesle ekstra? Ein gang som kunne ha trengt seg eit løft? Vi brenn for å realisere dine idéar!