venezia-zafir-bianco-kj_kken.jpg

Produkt

Alle våre produkt kan tilpassast, leverast og monterast etter dine ønske! Bla deg til dei produkta du ønskjer for å få eit lite innblikk. Om vi ikkje har det du leitar etter, eller du har lyst å sjå meir av kva vi kan levere, plukk opp røret eller stikk innom butikken, så skal vi finne løysinga for deg!

Kjøken

Autentisk og rustikk utføring? Moderne og teknologiske løysingar? Vi leverer, justerer og monterer det rette kjøkenet for deg! Våre kjøkenløysingar

Bad

Ekstra lagringsplass? Leikent eller minimalistisk? Ro og fred? Vi har utvalet og kunnskapen til å skreddarsy baderomsdraumen din. Våre baderomsløysingar

Vindauge

Vindauge er så mykje meir enn eit glas som vernar deg mot vêr og vind. Mange behov, ønske og krav må takast omsyn til. Estetisk, økonomisk eller praktisk? Vi finn dei rette vindauga for deg. Våre vindauge

Garasjeport

Kvalitet og tryggleik, utsjånad og komfort og ikkje minst fungerande teknologi. Vi finn og tilpassar den rette porten til ditt behov! Våre garasjeportar 

Dører

Dører skal vare og møte krav til form og funksjon, men dei kan også nyttast til å lysne eit mørkt rom eller gi eit varmt innspel til ein stilrein heim. Veit du akkurat kva du vil ha, eller treng du profesjonell vegleiing? Vi stiller opp! Våre dører

Trapp

Å finne ei god trapp som passar budsjett, estetiske preferansar og kvalitet har aldri vore lettare. Vi tek deg gjennom prosessen, steg for steg. Våre trapper

Garderobe

Vi skreddarsyr ikkje finstasen din, men garderoben den skal hengast opp i, kan vi ordne i alle prisklasser, utføringar, fargar og storleikar! Våre garderober