img_1829.jpg

Om oss

- Viss vi kan teikne det, kan vi byggje det!

Dale Vindu & Interiør

Dale Vindu blei etablert hausten 2010 og spring ut i frå den tradisjonsrike vindus- og dørprodusenten Brødrene Dale som har drive fabrikkverksemd i Dalsfjorden, Søre Sunnmøre, heilt sidan 1947. Vi held til sentralt i Ørsta sentrum og består av eit kompakt og effektivt team med fagfolk som sel, teiknar, transporterer, spesialtilpassar og monterer kjøkken, bad, garderobe, dører, garasjeportar, trapper og vindu med heile Søre Sunnmøre som nedslagsfelt.

Hos oss blir du teke på alvor. Anten du er privatperson eller representerer ei bedrift, er ute etter nye dørhandtak eller eit nytt kjøkken; Ingen spørsmål er for små eller store. Vi jobbar etter prinsippet om at viss vi kan teikne det, kan vi byggje det. Det betyr at vi strekk oss så langt vi klarer for å levere både standard- og spesialløysingar som møter dei ønska og utfordringane du måtte ha.

Ta turen innom showrommet vårt for inspirasjon, gode råd og ein uforpliktande prat, eller inviter oss heim for ei kostnadsfri synfaring. Vi gler oss til å høyre om planane dine!